Frå Per Fett: "2. Haug ligg tett S for 1, berre med eit 1 1/2 m breitt søkk i mellom. Nå 23 og 18 m i tvm., 3 1/2 m høg, ein veg har skore av 3 m av vestre kanten. Plyndra frå S med ein sjakt som har nådd midten. Begge haugane har markert, bratt kant opp til 1 m høg, og rett oppskrånande eller kan hende konkave sider til ein kegleforma topp, avflata øvst på begge. Etter Nicolaysen hadde begge grøft omkring. Det er etter samanhengen mogleg at Neumanns melding om funn i 1825 gjeld haug 2: "Vi vandrede henover til Støle Kirke. Allerede førend man kommer til den, finder manen Række af Gravhøie, liggende yderst paa Brinken i Syd og Nord i lige Linie. Den første af disse var nyligen aabnet, og man havde funnet i den et Kar af Jern, i hvilken et skarpt Fludium endnu var tilovers." Han har då ikkje gått beine vegen frå prestegarden Enge til kyrkja. Nicolaysen er klar: Han nemner ni haugar i rad og meiner då både på Støle og Sørheim, frå Olahaugen til vår haug 2 som er størst av alle, "hvoraf nogle udgravne, deriblant den største, som blev aabnet 1825 og hvori fandtes et kar eller en skaal af jern"."