Undersøkinga omfatta i alt 33 prøvestikk. Av prøvestikka var 7 funnførande og utgjer lokalitet 1 , med askeladden id. 127658. Lokaliteten har ingen nærare datering på bakgrunn av at ein manglar diagnostiske funn og organisk materiale som kan C14-daterast. Men på bakgrunn av høgda over havet (mellom 10-15 m) er det mogleg at lokaliteten tilhøyrer eldre steinalder.
Lokaliteten ligg på ei nord-vest-vend flate som er noko myrlendt, for det meste veks det busker, gress (myrgress), og nokre spreidde tre på flata. Områda i aust, vest og nord er delvis avgrensa av berg som nok har skjerma lokaliteten mot ver og vind i steinalderen. Aktivitetsområdet vart
avgrensa av negative prøvestikk, samt topografisk i aust (berg).