Lokaliteten ligg på eit gresskledd jorde. I den nordvestre delen heller jordet slakt mot nordvest, i den nordaustre delen finn ein ein knaus med to gravrøyser på, og i den sørlege delen ligg ein litt høgareliggande del av jordet med tre mindre knausar med rydningsrøysar på. Her heller terrenget mot aust.