• 128212

    id
    • 128212
    datafangstdato
    • 2009-06-16T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-07-02T09:57:18Z
    informasjon
    • Lokalitet med eit ruseforma fangstanlegg for rein. Det består av to ledearmar, to bogastelle, 23 enkeltståande stolpefeste og truleg to ramper eller fundament for ramper framfor avlivingskveene. Ledearmane består av stolpefeste, og det vart registrert 123 slike under registreringa. Da vart det i hovudsak teke GPS punkt på kvart tredje stolpefeste i ledearmane, men oftare der det var knekkpunkt, usikre stolpefeste eller andre spesielle trekk ved anlegget. Totalt vart det rekna 255 stolpefeste i anlegget. Avstanden mellom stolpefesta var i hovudsak frå 1-2,5 m. Ledearmane som er innsjekka i databasen er linetema laga ut frå dei registrerte punkta på stolpefesta. Anlegget er ikkje ferdig registrert, det står att ein del arbeid. Id'ane 128212-5, -6, -7, -8, -9, -10, -11, -12, -13, -14, -22, -23, -24, -26, -27, -28 er usikre stolpefeste eller stolpefeste i rekkjer med stolpefeste som ikkje er ferdig registrert. Det er difor teke enkeltståande punkt på desse. N og S ledearmar munnar ut i eit rektangel, truleg ei avlivingskve, i den A enden. Breidda er kring 3 m, og ved "inngangen" til avlivingskvea er det ei rampe. Ved registreringa låg det ei stor snøfonn nær kvea, og det kan difor hende at ikkje alt var kome fram under registreringa. Det er også truleg ei avlivingskve nær den V enden av N ledearm. Der er det eit halvsirkelforma rampe eller fundament til ei rampe, og ei parallell rekkje med stolpefeste til den nordre ledearmen. Dette området er ikkje ferdig registrert. Lokaliteten må truleg sjåast i samanheng med med id 128241 og 128242, som er lokalitetar med stolpefeste og ligg ca. 0,5 km lengre vest.
    kommune
    • 3431
    kulturminneId
    • 128212
    lokalId
    • 128212
    målemetode
    • 92
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Innlandet fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217