Beskrivelse fra lokalitet:
Lag tolka som dyrkingslag under registreringa, men den særs tidlege dateringa tyder på at det moglegvis kan vere avsviing for beitemark, akkumulert over lengre tid. Funne på ei flate med dyrka mark.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
I alle dei 10 funnførande sjaktene vart det registrert lag som i feltsituasjonen vart tolka som dyrkingslag. Den særs tidlege dateringa frå lag i to ulike sjakter gjer imidlertid at tolkinga av laga vanskeleg kan gjerast utan pollenanalysar. Ei mogleg tolking kan vere lengre tids avsviingslag for beitemark. Laga er fragmenterte og ligg flekkvis. Dei liknar kvarandre i struktur, men farge og tjukkleik varierar. Det vart ikkje påvist strukturar i undergrunnen i nokon av sjaktene. Det vart heller ikkje gjort funn av gjenstandar. Prøve frå lag 2 sjakt 7: 4485 ± 35 før notid, kalibrert BC 3310-3045. Prøve frå lag 3 sjakt 10: 5120 ± 35 før notid, kalibrert BC 3965-3820.