R 129196 ligg nord for Rv 5, på ei lita flate nord for der tursti/veg til Hatlesetnipa gjer ein knapp venstresving. I aust renn ei lita elv, steile bergveggar dominerer i nord og aust. Vegetasjonen er dominert av lauvskog og open furuskog med ein undervegetasjon av lyng og mose. Enkelte parti er våte og myrlendt. Lokaliteten ligg i indirekte konflikt med traseen. Skildring av lokaliteten Lokaliteten består av to strukturar, ein hellar (S1) og ein steingard (S2). Steingarden ligg om lag 10 m sør for hellaren, i enden av bakken ned frå hellaren. Der ligg steingarden oppå ein stor stein. Område er i ferd med å gro att av lauvskog, busker og bregner. Innanfor dråpefallet på hellaren er om lag 1,70-2 m høg. Det tørre området er opp til 8 m langt og 3,5 m breidt. Det er verdt å merke seg at det var svært vått i undergrunnen, sjølv innanfor dråpefallet. PS 1 vart fyllt av vatn før vi gravde det ferdig. Der var vanskeleg å obsevere stratigrafien, og vi valde å avslutte prøvestikket då vi kom ned på eit kolhaldig lag. Det er det samme som i PS 2. I PS 2 var det noko tørrare og det var mogeleg å grave prøvestikket ferdig før det byrja å fylle seg med vatn. I prøvestikket vart det registrert eit opp til 10 cm tjukt kollag. Kollaget vart solda, men det vart ikkje gjort nokon funn. Vi tok ut kolprøve til datering frå PS 2, lag 3. C14 prøva viste ein datering til 780-390 f. Kr., det vil seie yngre bronsealder/førromersk jernalder. Vi har ikkje eksakt avgrensing på kollaget, men det var i begge prøvestikka og ein må rekne med at det er i heile området innanfor dråpefallet. Det er ikkje godt å tolke kva funksjon steingarden har og om den eventuelt skal sjåast i samband med hellaren. Plasseringa av steingarden oppå ein stein gjer det mindre truleg at det er rest av ein lengre steingard nytta som gjerde o.l. Den synest også noko høg og upraktisk til å fungere som bogastelle. Med omsyn til bevaringsgrad og høgde på muren må det iallefall vere rimeleg å anta at muren er yngre enn kollaget i hellaren og eit nyare tids kulturminne. Men om hellaren også har vore nytta i nyare tid og om muren er bygd i samband med det, er vanskeleg å seie.