Beskrivelse fra lokalitet:
Lokaliteten ligg i ei søraustlig skråning, som fell i retning beitemarkene søraust på Siplingane. I botnen av det vetle dalføret er det myr og svært fuktig. 7 - 8 meter vest for lokaliteten går eit steingjerde oppover skråninga i nordaustlig/sørvestlig retning. Kolgropa ligg i ei dump i landskapet inne på beitemark. Ovanfor lokaliteten i nord og i aust er det blandingsskog, som hovudsaklig består av lauvtre. I vest er det tett planta granskog, medan i søraust opnar landskapet seg opp i beitemark. 20 meter vest for R 129618 ligg ei tidligare registrert kolgrop (105896), og 30 meter søraust for R 129618 ligg endå ei tidligare registert kolgrop (105894).
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Gropa står fram som eit 40 cm djupt, rund/ovalt søkk i bakken. Nedskjeringa er svakt boga. Strukturen måler 3,6 x 4,3 m i ytre mål og 2,0 x 2,2 m i indre mål. I austre og vestre del er vollar svakt synlige. I S, parallelt med hellinga på bakken er ei opning på ein m i breidda. Denne opninga, eller helletuten, indikerar at S1 kan være ei tjæremile. I prøvestikket som vart gravd sentralt i strukturen vart eit 10 cm tjukt trekollag funne, på 60 cm djupn.