• 129624

    id
    • 129624
    datafangstdato
    • 2009-06-11T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-09-16T15:51:20Z
    informasjon
    • Lokaliteten består av to strukturar, to tufter som ligg i tilknyting ei mindre flate i ei svak sørvestlig helling. Landskapet er kuppert og attgrodd med tett krattskog av bjørk. Undervegetasjonen består av gras, mosar og bærlyng. R 129624 ligg oppå ein kolle, som hevar lokaliteten opp over myrflatene i aust. Frå lokaliteten er utsikta blokkert i alle himmelretningar, stort sett grunna den tette krattskogen. Mot nord stig landskapet vidare oppover mot Slakkafjellet. S1 ligg lengst mot nord av dei to tuftene, og ligg på enden av flata før landskapet byrjar å stige mot nord. Tre meter sørvest for S1 ligg S2. Lokaliteten kan avgrensas topografisk til flata tuftene ligg på. Ei kolprøve vart tatt ut i frå S2 og C14 datert (Beta 265407). Prøva vart tatt ut i frå eit lag med trekolhaldig jord og ingen klar kontekst. Dateringa fall til 1200 - 1280 e. Kr., som tilsvarar høgmellomalderen. Tuftene kan derfor trulig setjas i samanheng med utnytting av utmarksressursar i mellomalderen, eventuelt tidleg stølsdrift. Tuftene ligg i eit kuppert og bratt terreng. Det kan tyde på at dei ikkje vart nytta i samband med stølsdrift, men var meir knytt opp i mot jakt. Tuftenes nære plassering til K 129639 (bogestille) i aust underbyggjer tolkinga. Fylkeskommunen vart gjort oppmerksam på tuftene gjennom den lokale kjentmannen Kjell Magne Hillestad.
    kommune
    • 4640
    kulturminneId
    • 129624
    lokalId
    • 129624
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217