• 129625

    id
    • 129625
    datafangstdato
    • 2009-08-12T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-09-16T15:53:32Z
    informasjon
    • Lokaliteten består av tre strukturar; to tufter og ein grensestein. Tuft S1 vart fyrst funne av Kjell Magne Hillestad, som varsla fylkeskommunen om funnet. Lokaliteten kan avgrensast til den aust/vest gåande flata den ligg på. Mot nordaust stig landskapet oppover mot Slakkafjellet, medan mot sørvest fell landskapet bratt ned i det tronge Kambane-dalføret. Følgjer ein flata nordaust over så går ein parallelt med Kambane-dalføret til det smalnar inn nokre hundre meter mot nord. Lengst inne i dalen, mot nord er det svært bratt. S1 (tuft) ligg aust på lokalitetsflata fem meter frå anleggsvegen, som gjer ein sving under sørsida av S1 mot nord. 5 meter aust for S1 ligg S2, endå ei tuft. S1 og 2 ligg på eit mindre platå heva over flata vest for strukturane, og inntil der stigninga mot Slakkafjellet i nordaust byrjar. Frå platået der S1 og 2 ligg, fell landskapet svakt mot vest og sørvest i retning S3 (grensestein), som ligg lengst sørvest i lokaliteten. Vegetasjonen på platået rundt S1 og S2 er hovudsaklig tett fjellbjørkeskog, med ein undervegetasjon beståande av bærlyng. Mot sørvest så opnar vegetasjonen seg opp, berre ei og anna mindre fjellbjørk er og sjå, og undervegetasjonen består av røsslyng. Lengst sørvest i tilknyting S3 førekjem det fleire furutre enn bjørk. Innanfor lokaliteten var det fleire svake konturar i terrenget som kan være spor etter ytterligare strukturar, men det let seg ikkje påvise med sikkerheit under registreringa. Me går derfor ut ifrå at en flatavdekking vil kunne avdekke fleire strukturer enn det som vart registrert.
    kommune
    • 4640
    kulturminneId
    • 129625
    lokalId
    • 129625
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217