Sentralt i lokaliteten ligg S1 (tuft) og S2 (steingjerde). Vest for S1 cirka 20 - 25 meter ligg S3 ei rydningsrøys. I lokalitetens søraustligaste hjørne inntil eit nord/sørgåande gjerde, ligg S6 (rydningsrøys). 10 - 12 meter vest for S6 ligg delar av eit steingjerde (S5). Mellom S5 og S2 er to prøvestikk grøvd, kor i frå det er tatt ut ei C14 datering (Beta 263377) frå PS 1, som ga datering til 430 ¿ 640 e. Kr. Prøvens kontekst er noe usikker, ettersom den ikkje er tatt ut av et klart avgrensa stratigrafisk sjikt. 100 meter aust for lokaliteten, forbi grantreparselleringa, ligg S4 (K 130129), som er skilt ut som eiga lokalitet. 20 meter vest for lokaliteten og 10 meter vest for ein bekk, ligg S7 (K 130127), som også er utskild som eiga lokalitet. Strukturane er forfalne, men urøyrt av moderne øydeleggingar. S1 er etter forholda bra bevarte. Restar etter plank og bølgjeblikk i tufta tyder på at dei er av nyare datering. Steingjerdet S5 opptrer berre sporadisk og må seiast å vere den minst bevarte av strukturane. Alle strukturane på R 129640 er mest trulig nyare tids kulturminne. Dateringa frå PS1 til folkevandringstid/merovingartid syner derimot bruk av området attende til overgangen eldre/yngre jernalder. Om bruken av området i jernalderen var knytt til støling er vanskelig å seie, men kan ikkje utelukkast. Stølsområde syner ofte svært lang brukskontinuitet i tid. Lokalitet R 105899 Bjørndalen er eit godt eksempel på det. R 129640 representerar eit mindre stølsanlegg, trulig ein vårstøl eller heimestøl for garden Mannsverk 78/2. Sjakting i samband med 420 kV "Ørskog-Fardal" linja i 2010 påviste 2 strukturar. B1 er to steinheller som ligg på tvers av sjakt B i den sørlige enden. C1 er ei steinfylt grop/nedgraving som ligg inntil ei jordfast steinblokk.