Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet R 129719 ligg på ei mindre flate, nede i eit søkk. Søraust for R 129719 går ein sti i nordleg retning mot Steinbrua. Rett ovanfor stien, i det terrenget byrjar å stige bratt oppover ligg, K 129720 (hellar). Følgjer ein nordsida av steinura/bergveggen i austlig retning så kjem ein til K 129721 (hellar). Ut frå K 129720 har ein utsyn ned til K 129719 og mot Steinbruvatnets sørligaste ende. Tufta er ikkje nemnd på eldre amts-kart, noko som synar at ho ikkje har tilknyting til stølsdrift frå nyare tid.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
S1 er ei rektangulær frittliggjande tuft, som måler 7 x 5,5 meter med ei høgd på 0,6 meter. Tufta har ein meter breie veggar som er forankra inntil ei jordfast flyttblokk i søraust. Veggane er tørrmurte, og golvet er hellelagt. Tufta er etter forholda godt bevart og godt synlig. Moderne bruk av tufta som rasteplass for turgåarar har medført noko utrasing av veggane. Stein har vorte tatt frå veggane for å lage sitteplassar og eldstader. Tufta ligg i lengderetninga mot aust/vest. Ingen C14 prøve vart tatt ut, då strukturen ikkje har påviselige kulturlag. Tufta kan setjast i samband med bruk av høgfjellsressursar og har truleg fungert som stølsbygning eller jakthytte. Det er vanskelig å tidfeste strukturen nærare enn ei generell datering frå sen mellomalder og opp i nyare tid.