Seks artefakter vart funne fordelt på tre prøvestikk. Det er snakk om eit flekkeliknande og eit avslag med bruksspor (mulig nytta som bor) i mylonitt, to avslag av flint og to avslag av bergkrystall. Gjenstandane var ikkje vassrulla. Det var mindre variasjonar i stratigrafien mellom dei ulike prøvestikka, men generelt synte prøvestikka eit 20-40 cm tjukt torvlag etterfølgt av ulike sand og gruslag ned til berg på ca 70 cm djupn. I toppen av sand og gruslaga vart noko trekol observert, som mest trulig stammar frå ei moderne avsviing. Det funnførande sjiktet bestod av brungrå sand/grus med noko stein og var mellom 5-25 cm tjukt. Laget låg mellom 40-65 cm under overflatenivå. Stratigrafien verka uforstyrra og utan teikn til transgredering. Med bakgrunn i strandlinjekurvene for området og matreialsamansetjinga er det nærliggjande å datere lokaliteten til siste del av seinmesolitikum. Bruken av mylonitt som råstoff er ofte forbunde med lokalitetar frå overgongen mellom seinmesolitikum - neolitikum.