Eit midtfragment av ei mikroflekke av flint og eit fragment av ei ubestemd type kjerne i mylonitt vart funne. Funnmaterialet synes ikkje å vere varmepåverka eller vassrulla. Stratigrafien bestod av eit ca 60 cm tjukt torvlag etterfølgt av eit brungrått sand/gruslag. Funna vart gjort i nedre del av dette laget. Vassig øydelagde sidekantane i prøvestikket slik at funnkonteksten er uklar. Med bakgrunn i råstoffbruken og førekomsten av mikroflekketeknikk vert lokaliteten gjeve ei datering til overgongen seinmesolitikum - tidligneolitikum. Tek ein utgangspunkt i strandlinjekurvene for området så vil lokalitetens plassering på 10 m.o.h tilsvare ei datering til ca 5000 BP. Slik sett samsvarar den typologiske dateringa og strandlinjedateringa godt.