Totalt sju artefakter vart funne, fordelt på to prøvestikk. I prøvestikk GHO48 vart to avslag av bergkrystall funne. Frå prøvestikk MT20 vart eit flintavslag, ei retusjeringsflis i flint og tre kvartsavslag funne. Stratigrafien i prøvestikka synte eit sand og gruslag med ein del flate steinar, som mest trulig har rast ned frå hellartaket. I prøvestikk MT 20 vart eit trekolsjikt påvist 22-27 cm under overflata. Trekolsjiktet er tolka som ein eldstad og C14 datert til 2460 - 2190 BC som svarar til overgangen MNB - SN. Funna vart gjort i same nivå som eldstaden. I prøvestikk GHO48 vart det ikkje påvist trekol. Det funnførande sjiktet låg ca 25 cm under overflata. Det kan ikkje utelukkast at det har vore fleire opphald i hellaren over tid.