Totalt vart det gjort 22 funn fordelt på fire prøvestikk. Det er snakk om fire vanlige avslag, ni mikroavslag og ei retusjeringsflis. I tillegg vart det funne fragment av skifer som trulig har vore slipt samt ein pimpstein med ei mulig slipt fure. Eit avslag samt retusjeringsflisa var i flint, to mikroavslag og 9 vanlige avslag var i kvarts, eit avslag var i bergkrystall, 7 bitar var av skifer og ein pimstein. Materialet var ikkje vassrulla, brent eller frostsprengt. Funn av flateretusjeringsflisa samt slipt skifer er typologiske trekk ved materialet som lenar mot ein bruksfase i neolitikum. Stratigrafien i prøvestikka synte eit 20 cm tjukt torvdekke, med det funnførande sand/gruslaget under (lag B). Lag B varierar i tjukkleik mellom 10-30 cm. Under lag B var det berg. Trekol vart påvist i overgangen mellom torva og lag B. Trekolet vert tolka som restar etter ei nyare avsviing og har mest trulig ingenting med lag B å gjere. Med bakgrunn i funnsamansetjing og strandlinjedatering vert lokalitetens bruksfase plassert rundt overgangen tidligneolitikum-mellomneolitikum.