Totalt 65 artefaktar i form av 61 avslag, ei mikroflekke og to ubestemde kjernefragment vart funne. To brente/varmepåverka flintavslag var funne som lausfunn på overflatenivå. Desse har mest trulig vorte brent ved seinare lyngbrenning i området. Det øvrige materialet var ikkje varmepåverka. Sju avslag samt mikroflekka var i flint. Resten a materialet var i mylonitt, kvarts eller kvartsitt. Stratigrafien i prøvestikka bestod av 10-17 cm tjukk torv. Noko trekol vart påvist i botnen av torvlaget i det eine prøvestikket. Det funnførande laget, eit brungrått sand/gruslag var mellom 24-45 cm djupt. Noko trekol vart observert men konteksten vart rekna for å vere uklar. Under sand/gruslaget var det berg. Stratigrafien verka uforstyrra. Råstoffordelinga, med eit innslag av mylonitt er eit trekk som kan knytas til slutten av seinmesolitikum. Ei strandlinjedatering av lokaliteten gjev og ei datering til 5000-5500 BP (seinmesolitikum-tidlig neolitikum). Lokalitet 35 (129730) like N for lokalitet 34 er i tillegg C14 datert til seinmesolitikum. Tek ein utgangspunkt i dei ovannemnte faktorane vil det vere nærliggjande å plassere ein sannsynlig bruksfase på lokalitet 34 attende i slutten av seinmesolitikum.