• 129731-1

    id
    • 129731-1
    datafangstdato
    • 2009-05-15T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-09-22T16:25:53Z
    informasjon
    • Totalt 20 artefaktar vart funne i form av eit fragment frå ei bipolar kjerne, eit flekkeliknade avslag, eit avslag med retusj og 17 avslag/bitar. Berre to av funna var av flint. Resten var av kvarts, kvartsitt, bergkrystall og mylonitt. Flinten var vassrulla, noko som kan indikere transgredering. Det flekkeliknade avslaget kan betraktas som ei makroflekke som er uregelmessig slått. Uregelmessige flekker av ein slik storleik kan plasseras attende i tidligmesolitikum-mellommesolitikum. Storparten av materialet var likevel ikkje vassrulla og stemmer nok frå ein yngre bruksfase. Overvekta av andre råstoff framfor flint kan tyde på ei datering til slutten av seinmesolitikum-tidligneolitikum. Tre stratigrafiske lag let seg utskilje. LA er eit 25-35 cm tjukt torvdekke. I eit av prøvestikka vart trekol registrert i overgangen mellom torva og LB. Trekolet sin kontekst er uklar, det kan komme frå lyngbrenning i området og treng ikkje ha noko med lokaliteten å gjere. LB er eit grått sandhaldig gruslag som var funnførande i eit av prøvestikka. Det funnførande lag C er eit brungrått sand/gruslag, som er mellom 15-25 cm tjukt. Tek ein førehald om ein strandbunden lokalisering kan to mulige bruksfasar utskiljast ved hjelp av strandlinjedatering. Ein til ca 9800/8000-7500 BP (tidlig-mellommesolitikum) og ein til 5500 BP (seinmesolitikum). Dette biletet samsvarar godt opp i mot gjenstandsmaterialet.
    kommune
    • 4646
    kulturminneId
    • 129731-1
    lokalId
    • 129731-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217