• 13010-1

    id
    • 13010-1
    datafangstdato
    • 1987-06-28T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2004-01-27T18:28:53Z
    informasjon
    • Kolgropa kom for ein dag då dei utvida fjellvegen. Ola Ellingsgard vart varsla om dette av dei som hadde med arbeidet å gjera. Etter samråd med Tom Block-Nakkerud over telefon, vart staden registrert. Gropa var kutta av vegskjæringa. Ved å rense snittet, kom profilen godt fram. Det vart teke mange foto. Det ser ut som gropa har vore kvadratisk eller rektangulær, og har hatt tilnærma rette vegger. Særleg ved vestre veggen tegnar det seg 2-3 kolsjikt med jord imellom. Botnen går ned på berg. Det er påfallande at det ligg att so mektig kollag i botnen, og ogso ved kantane. Nokre store kolbiter frå botnen er medteke i plastpose og merka. Det er leirhaldig masse her, og denne syner raudleg inn mot kollag, der det har vori varmt. Dette syner kanskje på fargefoto. I snittet mæler den opprinnelege gropa 3m. Om dette er lengde eller breidde kan ein ikkje vita. Den opprinnelege djupna kan ha vore ca 0,9m. Formannen for vegen og vegarbeidet har lova å lata resten av gropa stå urørd, i fall det blir tale om nøyare undersøkingar. Gropa må truleg sjåast i samanheng med Å72: slaggforekomst og kolgropar.
    kommune
    • 3328
    kulturminneId
    • 13010-1
    lokalId
    • 13010-1
    målemetode
    • 55
    nøyaktighet
    • 1000
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Buskerud fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217