R 130134 er automatisk freda, og Vårsætra har fleire typar kulturminner. Lengst nordvest på lokaliteten i ei skråning oppover ligg ei ruin i god stand. I sørvest, sør og søraust for tufta ligg det fleire rydningsrøyser. Det er ein del grasvekst i området. Vest for lokaliteten ligg det dyrka mark. Grunneigar fortel at då dei dyrka opp området etter 2.verdskrig, fann dei spor etter ein eldstad i det dyrka området. I sør og søraust på lokaliteten ligg det myrterreng. Tjæremila ligg like nord for myrområdet i graskledt terreng, der det hellar litt nedover. Lokaliteten blir avgrensa av skog i nord og nordaust, vegen i sør og eit gjerde mot den dyrka marka i vest. Gjekk over området med jordbor og gravde ein del prøvestikk.