Gravsystemet ligg langs N-S-gåande stig (stølsveg) i ein strekning på ca 175m gjennom Grasskardet. Etter retningen på gravene å døme er det teke sikte på å fange trekket mellom Bergastølbergi i NV og høgdene på Ø-sida av skardet. Grav 1 ligg like på V-sida av stigen der denne vidare går bratt ned frå skardet mot N. UTM 842/272. Grava har retning VNV-ØSØ. Mur syner i N-sida og i SV-re hjørna. I NV-re hjørna ligg ein jordfast stein med mindre steinar lagt oppå og inntil. Desse dannar stengsle ut frå hjørna og til urd som går vidare mot NV, til bergstup. Elles ingen leidegjerde synlege. Grava er ikkje meir samenrasa enn at retning og delvis hjørner syner. Mål, frå voll til voll so vidt som vollane kan bestemmast: N-S 3,7m, Ø-V 4,3m, noverande djup ca 0,9m. Ca 30m lenger S langs stigen, der denne kjem opp frå S, ligg: Grav 2. UTM 842/277. Grava har retning VNV-ØSØ og ligg ca 6m V for stigen. Markert voll, undanteke mot bakken i V-re ende. Synleg mur i begge sider/ender- minst i Ø-re ende. Mål, frå voll til voll: N-S 5m, Ø-V 4,8m. Indre mål mellom murane: N-S 1,3m, Ø-V 2,4m. Noverande djup ca 1,4m. Ca 35m frå grav 2, langs stigen mot S, nede i bakken, kloss i Ø-re sida av stigen ligg: Grav 3. UTM 842/271. Denne er sterkt nedrasa og har utydeleg retning; truleg NNV-SSØ. Grava ser ut til å ha vore mura, særleg i S-re enden. Der syner ogso voll. Ikkje målbar lengde og breidde. Noverande djup ca 115cm. Ca 110m langs stigen, S for grav 3 ligg: Grav 4, 2m V for stigen. UTM 841/27? Her er terrenget flatt. Grava har retning Ø-V og voll på S- og N-sida og for Ø-re ende. Her er ikkje tegn til muring i grava. Mål, frå voll til voll: N-S 4,5m, Ø-V 4,25m. Noverande djup ca 1,3m. NR 1 er tidligere reg ved ØK-reg se 040340