Lokaliteten er plassert på eit platå langs fjorden. Dei 4 tuftene ligg stort sett lengst nord og nordvest på lokaliteten, med unnatak av ein bakkemur og ei lita oppmuring som ligg bak to av tuftene. Området nær bakkemuren ser slått ut, men der var ikkje spor etter dyrking. Det ligg er dreneringsgrøft like ved to av tuftene som leier vatnet ned til ein stor kampestein på flata nedanfor. Dei 7 registrerte strukturane som er frå nyare tid ligg plassert lengst NNV på lokaliteten og ligg i ei helling oppover mot fjellet. Nedanfor strukturane finn ein den rydda flata. S1 og S2 avgrensar lokaliteten i nord. Sørvest for S1 og S2 ligg S4 lengst nordvest på lokaliteten, og like nedanfor ligg S6. Eit par meter søraust for S6 ligg S5 og S3. Eit par meter nord for S5 og S3 ligg S7. Søraust for desse strukturane ligg flata der det blei gravd 10 prøvestikk. Dei fleste prøvestikka blei gravd på flata som ligg mellom stukturane og ein stor kampestein. Vi gjekk over flata med jordbor og fekk avgrensa området der det var lausmassar. Det blei gravd 10 prøvestikk, der eit av dei blei utvida til ei sjakt på ca 1 m x 70 cm og den var ca 1 m djup. I dei fleste prøvestikka viste det seg å vere same massane med ein del kol i alle laga. Det er dermed grunn til å tro at det er det same dyrkings/kulturlaget som strekker seg over hele flata. Grunnen til at eit prøvestikk blei utvida var at det her kom fram ei tjukk kollinse under noko stein ca 70 cm ned i profilen. Ein prøvde å utvide for å sjå om det kunne vere eldstad eller kokegrop, men det var ikkje så masse stein, og dei var heller ikkje brent. Det blei tatt ut prøvar frå 4 lag i sjakta. Det blei funne brent bein i prøven frå lag 2. Prøvane ga ein datering til tidleg neolitikum, to til overgangen mellom eldre og yngre bronsealder, og ein til nyare tid. Det er dermed nærliggande å tolke lokaliteten som ein tidleg jordbruksbusetting ved Norddalsfjorden