Beskrivelse fra lokalitet:
Ligg fint til med utsyn utover Hostvedt og Lågendalen. Godt utsyn spesielt mot V,N og NØ. Røysa er relativt stor og meir oval enn rund. Nokre stader ser det ut til at noko stein er fjerna eller flytta slik at det er ulike søkk i røysa. Desse søkka kan vera snakk om plyndrigsgroper, men det er svært usikkert. Det må takast med at nokon delar av røysa ber preg av at den kan vera påført ryddingsstein, men både lokalisering og form tyder elles på gravminne, ikkje ryddingsrøys. Det virkar unaturleg å anlegge ei ryddingsrøys slik ettersom det blant anna er bratt skråning like under. Det må likevel takast med at området elles ser ut til å vera rydda for stein og har nok i lang tid vore brukt til beite og liknande. Plasseringa av haugen er om lag 500 m sør for gardsbygningane på Ås (60/2). Røysa kan seiast å ligge ved foten av "Børjær'n", noko som er tolka som ei lokal bygdeborg. Haugen sine mål: Lengde 15 m, breidde 10 m, høgd ca 1,5 m. Orienteringa er Ø-V. Haugen består elles av stein av varierande storleik, med restar etter mogleg fotkjede heilt nedst. Fotkjeda er i tilfelle skada og/ eller overlest av seinare påført stein. Det ligg og ein mindre haug ca 6 m SV, denne er derimot førebels tolka til å vera ei ryddingsrøys, men bør kanskje vurderast nærare.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Ligg fin utsikt utover Hostvedt og Lågendalen. Røysa er relativt stor og meir oval enn rund. Nokre stader ser det ut til at noko stein er fjerna eller flytta.