• 130425

    id
    • 130425
    datafangstdato
    • 2009-05-12T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-10-30T14:58:53Z
    informasjon
    • På stølsanlegget er det 2 ståande bygningar, i noko dårleg stand. I tillegg er det 3 tufter, desse er godt markerte i terrenget. Tuftene har restar etter treverk innvendig, og alt tyder på at det er nyare tids kulturminne. Ein steingard omkransar stølen. Ei elv renn gjennom stølen i den vestlege delen. Dei ståande bygningane ligg i dag på ein liten tørr voll. Tuftene ligg også høgt, i nær samband med steingarden. Midt på lokaliteten er det svært vått og det har danna seg myr. Truleg har ein ved å flytte husa oppi skråningane freista å unngå det våtaste området. Grunna mykje myr var det også vanskeleg å finne eigna stader å undersøkje evt. dyrkingslag ved hjelp av prøvestikk. To prøvestikk vart teke på den tørre vollen nær dei ståande bygningane. Der vart det registrert kolhaldige lag, men igjen er det vanskeleg ut frå to små prøvestikk å fastslå kva kollaget representerar. Om ein ser på dateringar frå områder i nærleiken kan ein tolke det som at det har vore menneskleg aktivitet her ganske lenge, men det er vanskeleg å seie noko sikkert med så lite materiale. Prøvestikk 1 fekk dateringar til moderne tid og prøvestikk 6 til vikingtid.
    kommune
    • 4647
    kulturminneId
    • 130425
    lokalId
    • 130425
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217