• 130868-1

    id
    • 130868-1
    datafangstdato
    • 2009-11-17T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2009-11-17T14:36:07Z
    informasjon
    • Lokaliteten ligg på gården Gjerde i Etne, gnr 9 bnr 6 og 2. I området aust for vegen som går frå kyrka til bruket på etne, sør for sentrum og etne senter, nord for tunet til gnr. 9 bnr. 6 og aust for gnr. 9 bnr. 1 ligg det ei mark som er fordelt på to bruk ( Gbnr: 9.6 og 9.2), som er del av planområdet. På den sør vestlege delen av marka var det tidligare ein gardsveg som nå er omgjort til dyrka mark, i dette området var massane påfylte og delvis øydelagt av vegen. På den vestre delen av marka var sjaktene negative, sjølv om det var fine undergrunnsmassar og marka er sjølvdrenerande, var det ikkje spor etter forhistoriske minne her. Sjaktene som ble lagt nedanfor tunet på gnr. 9 bnr. 6 var positive frå sjakt nr. 12 til 16. På den austre delen av marka, som grenser til gardsvegen som går frå tunet til gbnr. 9.2 til E134 er sjaktene frå 17 til 18 negative. Lokalitet 3 som blei funnen er avgrensa av negative sjakter, Etne senter, bygningane på gbnr. 9.6 og 9.2 og plangrensa. I dei fem funnførande sjaktene er det gjort funn av til saman 30 strukturar, 17 strukturar i sjakt 12, 6 strukturar i sjakt 13, 5 strukturar i sjakt 14, 1 struktur i sjakt 15 og 1 struktur i sjakt 16. Anlegga er alle konsentrert i den sørlege delen av sjakta, etter grusryggen som delar alle desse sjaktene er det ingen funn (figur..). Ut frå funn av stolpehol i sjakt 12, 13 og 14 er det truleg rester etter ein eller fleire bygningar på marka. Nokre av Stolpehola som ligg på rekke i sjakt 13 (A52 til A56) er veldig kullhaldige, noko som kan indikere at dei har brent i forhistorisk tid. I alle dei positive sjaktene, utanom sjakt 13, er det funn av kokegroper, ildsteder og nedgravingar.
    kommune
    • 4611
    kulturminneId
    • 130868-1
    lokalId
    • 130868-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217