Lokaliteten ligg i ei slak sørlig helling og har ei utbreiing på 15x15 meter. Under søk av åkeren vart 20 artefakter funne. Det er snakk om avslag i flint og Lærdalskvartsitt, 1 fragment av ei grønnsteinsøks av mulig vestlandstype, 1 oval flintskrapar, 1 fragment frå ei slipeplate, 1 fragment frå ein kleberbolle, flekkekjerner og midtstykke på ein skiferspiss. Funna låg jamt spreidd mellom 14-17 m.o.h.