Tre tufter som ligg i eit grasvakse område med enkelte lauvtre. Svak helling ned mot fuktig grasmark og myr i N. 25 ¿ 30 m SA for tuftene ligg fleire mindre rydningsrøyser Trekol vart ikkje funne i eller utanfor tuftene. Lokalbefolkinga i Ortnevik fortalde at det var høyslått i området opp i nyare tid, og at ei utmarksløe med restar av treverk skulle ligge i same område som tuftene. Utmarksløa vart ikkje funne. Tuftenes konstruksjon og bevaringsgrad tyder imidlertid på relativt høg alder.