Lokaliteten ligg på ei flate som måler 15x10 m. Flata er graskledd og ligg i ei glenne omkrinsa av lauvskog. To prøvestikk påviste eit 5 cm tjukt trekollag under 20 cm torv. Strukturen vert av Bårdsgård kategorisert som ein trekolkonsentrasjon, men det er fullt mulig at trekolet stammar frå ei kolmile. Tolkinga er likevel usikker.