Rideveg og vinterveg, i bruk som presteveg mellom Kvinesdal og Hægebostad frå katolsk tid fram til 1760, merka opp att som ei strekning av Barnevandrarstien på 2000-talet. Ei vandresegn om eit prestefylgje som omkom, går om ca. denne vegen, men med hest og slede på snøføre om vinteren, så der er nokre avvik: For å letta på lasset, kasta presten av ein laks ved ein bautastein som heiter "Laksen" ved Svòmyra (ID 102949), presten sprette ifrå sleden og karmen ved ein varde som heiter "Sleden" eller "Karmen" (ID 109029), der heiter det "Hestvatn" av di hesten omkom der, klokkaren og hunden omkom ved ei steinblokk ved Grotjødn, der det er reist ein varde og ein liten stein som liknar eit hundehovud, som heiter "Deiknen og hunden" (ID 109030), presten omkom i Prestliskaret ved ein steinkross som heiter "Presten" (ID 103477), og prestefrua omkom ved ein varde i nordsida av Prestliskaret som heiter "Fruå" (ID 103476). Det er typisk for denne typen vandresegn at presten omkom på det høgaste punktet, og at ein av dei andre i fylgjet rakk noko lenger. Jf. liknande segn om Prestvorheiè i Åseral.