Beskrivelse fra lokalitet:
Utstrekninga på lokaliteten er om lag 6 x 12 meter. Lokaliteten er avgrensa av funntomme prøvestikk og av ei djup myr i søraust og av berg og bergknaus frå vest til nord. Det vart tatt åtte prøvestikk på lokaliteten, kor fem var funnførande. På lokaliteten ligg ei tuft, denne er 2,5 x 3 meter. Det er uviss om denne kan settast i samanheng med dei forhistoriske funna. Midt i tufta var det ein jordfast stein. I denne låg det skjørbrent stein. Desse vart fjerna for å sjå om det var kol som kunne daterast ved C14 analyse. Det vart ikkje påvist kol, men under den skjørbrente steinen vart det funne isopor. Tufta har uviss alder, men ut i frå funn av isopor under skjørbrent stein er staden eller tufta nytta i nær fortid.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Funn av avslag i rhyolitt daterar buplassen til tidlig i neolitikum og ut i fyrste del av mellomneolitikum (Alsaker 1987; Olsen 1992:77). Det er sendt inn ei C14-prøve som er tatt frå PS 1 lag 2. Denne er datert til Cal BC 2300-2120 (Cal BP 4250-4070) og Cal BC 2090-2040 (Cal BP 4040-3990), dvs. seinneolitikum. Funn av fire skår av spannforma keramikk, to store skår og to små. Dei to store skåra kan settast saman. Skåra har ein storleik på respektivt 3,6 x 3,0 cm og 3,9 x 2,1 cm, dei to minste skåra er under 1 cm i diameter. Keramikken har ei fin glatta ytterside utan nokon form for dekor. Keramikken er magra med grove kvartskorn. Skåra indikerer eit sylinderforma kar og er utan dekor. Karet har difor truleg ei tidleg datering til siste del av romertid og fyrste del av folkevandringstid, dvs frå 300-talet til ut 400-talet (Bøe 1931; Schetelig 1904).