Steinbu. Bua som er orientert Ø-V, er inngraven i bakken med inngangen i den austre gavlveggen, der opningen er bygd noko S for midten på veggen. Bua er bygd av skifrige heller og ho er noko samanrasa. Langveggene og austre gavlveggen er kring 90 cm høge. Innvendig er bua kring 2,20 m x 2,40 m. Eld-¬ staden ligg i det nordaustre hjørnet. I den søre langveggen er det bygt tre hyller og i den nordre ei hylle. Den austre gavlveggen med inngangen er styrkt med ein kring 1,75 m lang oppmura gang som fører inn til sjølve døropningen. Veggene i denne gangen er no rasa mot einannan.