Totalt 22 tufter er registrert. Samtlige tufter har ei opning lang ein av kortsidene og fleirtalet har ei slak helling ned frå opninga. Tuftene fordelar seg på 3 typar etter form og storleik. Type 1, den mest talrike typen, består av hesteskoforma tufter med låge vollar, ca. 0,3 m høge. I ytre mål målar type 1 tuftene frå 9x8,5 m, men fleirtalet ligg på 7,5x7,5 m. 2/3 delar av tuftene på lokaliteten er av type 1. Tuft 4, 12 og 14 høyrer til type 2, som i storleik er den største varianten. I ytre mål ligg tuftene på 11x9 m med 5 m mellom kvar langvegg. Tuftene er rektangulære i forma, med mykje stein i vollane. Tuft 4 er datert til 790-960 e.Kr. (vikingtid). Tuftene 18-21 ligg i eit område for seg sjølve og høyrer til type 3. I form og storleik er dei like på type 1 tuftene. Forskjellen ligg i at det er mykje meir stein i vollane på type 3 tuftene. Nokre har delvis tørrmura vollar. Tuft 20 er datert til 1160-1270 som tilsvarar tidlig mellomalder. Det kan bety at tuft 18-21 representerar ein seinare bruksfase på lokaliteten. Tuft 22 og ei kolgrop i tilknyting til tufta vart etterregistrert av Kjell Magne Hillestad. I tillegg vart 18 groper registrert. Grop 13 er datert til 780-1020 (vikingtid).