Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet frå ca. BC 7300.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten ligg rett sør for ID2996 (Lok.5), berre få meter frå nordkanten av pukkverket. Flata skrånar svakt ned mot nord og nordvest, det er berg i nordaust og brotkanten ligg i sør og søraust. I vest er eit lågt berg som skil terrassen og eit anna lite dalsøkk der PS42 og rekka vidare startar. Vegetasjon, jordmassar og skogstien er likeeins her som i ID2996. Det vart gjort funn i 3 prøvestikk her, med til saman 5 avslag av flint. Funna låg på 20-30 cm djupn, frå rett under torva til toppen av anrikingslaget. Arealet er på nærare 40x23 m (677 m²). Lokaliteten ligg på ca. 75 m over havet, noko som tilsvarar ei datering til ca. 7300 f. Kr., mellommesolitikum, Tørkopfasen. Det er mogleg at ID134313 og ID2996 er ein og same lokalitet.