Beskrivelse fra lokalitet:
Bronsealderrøys.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
ID134316 er ei stor røys som ligg oppe på den høgste toppen nord i planområdet. Røyser som dette er ikkje ukjente i Østfold, og vert tolka som gravrøyser frå bronsealderen (ca. 1800-500 f. Kr.). Når dei ligg til slik som her, oppe på toppen av ein ås utan nær tilknyting til jordbruksbusetnadar, er det mogleg dei innehar ei dobbeltrolle, både som gravminne og som ei revirmarkering. Slike åsrøyser ligg ofte langs gamle ferdselsårar, og skulle vere godt synlege for dei som for forbi. Ei slik ferdselsåre har vi truleg i dalsøkket som går av røysa, og her ligg samstundes fleire lokalitetar frå steinalder og bronsealder. Utsikta frå toppen her er svært god, særleg i nord, vest og aust. Røysa har vore bygd opp over ein oppstikkande bergnabb. Slik den ligg no har steinane rast eller blitt lempa ut på sidene i austleg og vestleg del, slik at røysa er todelt, med bergnabben stikkande opp i midten. Omkrinsen i dag er på ca. 9x9 m, høgda frå botnen til toppen av knausen er ca. 0,8 m. Det er naturleg å tenke seg at i utgangspunktet var røysa moglegvis noko høgare og mindre i diameter. Forma er tilnærma sirkulær. Steinane den er bygd opp med er truleg lokal bergart, men sidan det ikkje ligg særleg med stein oppe på åsryggane her har den nok vore henta lengre nede i terrenget.