Røysa består av steinar av ujamn storleik, hovudsaklig skiferheller. Den største synlige steinen måler 1,5x1 m i storleik og ligg noko til sida for toppen av røysa. Dei øvrige steinane er frå hovudstore opp til 75x75 cm store. Røysa er rund i forma med ein storleik på 3,3x3,5 m med ei høgd på 0,75 m. I botnen av røysa er det flate steinar som er gravd ned i undergrunnen og sett på høgkant. I den V delen av røysa er nokre av desse steinane synlige og det ser ut til at dei er sett opp i ein ring under steinhaugen. I tverrmål måler steinringen 1,5x2 m og steinane står slik at dei skrår utover. Ei prøvesjakt vart gravd i den V- delen av røysa og syna at dei høgreiste hellene kvilar på bergrunnen. Jorda innanfor steinsirkelen er fjerna og attfylt med stein. Slik sett kan profilen framstå som ei attfylt fangstgrop, men plasseringa opp å ein mindre kolle talar i mot denne tolkinga. Røysa si plassering, oppå ein kolle ved ei eventuell ferdsleåre opp i dalen langs Rya underbyggjer tolkinga av strukturen som ei gravrøys.