• 134332-1

    id
    • 134332-1
    datafangstdato
    • 2009-11-18T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-02-09T14:35:28Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk og lausfunn i grustak. Beskrivelse fra Enkeltminne: Lokaliteten er på eit lite platå som ligg i startfasen av ein trong dal som går nord-sør langs heile lengda av Skolt pukkverk, vest for dette. Området er høvesvis flatt i nord, men ei vegskjering øydelegg denne delen. Vegetasjonen er planteskog, større grantre. I aust vert lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk og berg som stig bratt opp. I sør stig terrenget gradvis, og saman med negative prøvestikk er lokaliteten greitt avgrensa der. I vest fell terrenget ganske bratt ned mot ein bekk som renn ut av dalsøkket og har skore seg ned i grunnen. I denne vestlege delen ligg det samstundes minst to mindre sandtak som har øydelagt delar av lok.15. Det vart samla opp ein del flint i kantane av desse sandtaka. Det vart samstundes funne noko flint i vegen rett nord for lokaliteten, så det er truleg at massane frå sandtaket har vore nytta til å bygge opp skogsvegen. Elles vart det gjort 4 positive prøvestikk som saman med funna frå sandtaka gav 36 avslag av flint. Lausfunna frå vegen er ikkje teke med her, for sjølv om dei truleg høyrer til lok.15, er ikkje dette sikkert. Jordmassane er podsol med fin sand og noko grus. Funna vart i all hovudsak gjort på rundt 20-30 cm djupn, i toppen av anrikingslaget. Lok.15 dekker ein liten terrasse som ligg med berg på eine sida og ein bekk/dalbotn på andre. Storleiken er rekna ut til å vere ca. 60x20 m (ca. 1100 m²). Høgda over havet er bortimot 65-70 m, dateringa ut i frå det ca. 6700 f. Kr., seinmesolitikum, eldste del av Nøstvetfasen.
    kommune
    • 3105
    kulturminneId
    • 134332-1
    lokalId
    • 134332-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-01-03T14:17:33Z
    opphav
    • Østfold fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217