Beskrivelse fra lokalitet:
Lokalitet frå eldre steinalder og førromersk jernalder funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.17 ligg rett sør for ID134333, så nære at det ikkje kan utelukkast at det her er snakk om ein større lokalitet. Negative prøvestikk mellom desse gjer likevel hint om at det er to distinkte lokalitetar. Lok.17 ligg på ei svak skrånande flate mot nord-nordaust, dekt av større grantre med open undervegetasjon. I aust skrånar terrenget litt ned mot bekken i midten av dalbotnen, i sør flatar terrenget ut. I vest er det bratt berg, delvis med overheng ved PS236. I dette prøvestikket vart det gjort funn av ein eldstad eller kokegrop. I bergveggen her er det moglege brennmerke. Totalt er lok.17 vist med 3 positive prøvestikk, som gav 9 avslag av flint. Jordmassane er podsol med fin sand. Funna vart gjort på 20-30 cm, botnen av utvaskingslaget, toppen av anrikingslaget. I storleik er lok.17 ca. 45x13 m (ca. 460 m²). Høgda over havet er på rundt 80-85 m. Som strandlinjedatering ville ein her ha plassert lokaliteten i tid til rundt 7800 f. Kr. Eit førebehald må ein likevel nytte her og med dei andre lokalitetane innover i dalsøkket. Sidan ein her har ein dal som kan ha vore nytta som både ferdselsåre og ekstra ly i lang tid, er det ikkje utan vidare heldig å nytte strandlinjene som datering. Ei C14-datering av trekull frå eldstaden i PS236 gav resultatet BC385-250, førromersk jernalder. Flinten høyrer typologisk til eldre steinalder, så det er aktivitet frå fleire periodar på denne lokaliteten.