Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lok.19 ligg nokre meter sør for ID134335, ei lita flate med tilsvarande terreng og vegetasjon, noko høgare i terrenget ca. 85 m over havet. Terrenget skrånar slakt mot vest og nord, flatar ut sør, berg i aust. Her vart det gjort 2 positive prøvestikk som til saman gav 8 avslag av flint. Jordmassane er podsolsand i høgaste del av lokaliteten, medan i den lågareliggande delen er det meir jordaktig og fuktig masse. Funna vart gjort på ca. 20-30 cm djupn. Storleiken er rundt 20x13 m (ca. 406 m²). Lokalitetane 16-19 ligg så tett saman i nordre dalmunning at det klart er snakk om eit felles funnmiljø, representert av om ikkje ein samla lokalitet, så eit område som har vore nytta fleire gonger.