• 134358-1

    id
    • 134358-1
    datafangstdato
    • 2009-12-03T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-02-10T10:08:59Z
    informasjon
    • 2009: Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk. Lokaliteten ligg på ei stor flate med verjande berg i aust og vest, svakt skrånande terreng ned mot nord-nordaust (som endar på eit større flatt område som no er fuktig og myraktig), medan i sør er terrenget flatt. Her er lokaliteten avgrensa av negative prøvestikk. Ein skogsveg som ikkje er avmerka på kartet går langs vestsida av lokaliteten og vidare nordover langs austsida av planområdet. Ein liten nord-sør gåande bergnabb delar lokaliteten delvis i to. Norddelen av lokaliteten er no ganske open, skogen som sto her er hogd, men på sørleg del står det større gran og furutre. På lok.15 vart det gjort 15 positive prøvestikk, noko som resulterte i funn av 1 bit grovmagra keramikk, 2 flekkefragment og 84 avslag av flint, samt 1 avslag av kvarts. Jordmassane er i all hovudsak podsol med sand og grus. Funna vart gjort i djupna 10-50 cm, frå rett under torva til langt nede i anrikingslaget. Høgda over havet er ca. 70-75 m, noko som tilseier ei datering til ca. 70-7300 f.Kr. Dette er sjølvsagt svært tidleg datering for keramikk etter strandlinjeforskyvingskurva, så det er meir enn truleg at vi her har fleire bruksfasar, og der då ein eller fleire av dei truleg kan daterast ned til yngre steinalder (ca. 4000-1800 f. Kr.). Den store spreiinga i nivået funna vart gjort i støtter òg tolkinga av fleire bruksfasar. Storleiken på lok.24 er rundt 104x65 m (ca. 5250 m²).
    kommune
    • 3105
    kulturminneId
    • 134358-1
    lokalId
    • 134358-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Østfold fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217