Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten er ei flate som har bratt berg i vest, skrånar nedover i aust, nord og sør. Sjølve flata har open vegetasjon, mest lyng, medan det er planteskog (gran) i alle retningar rundt. Nokre meter ned i skråninga i aust er det områder som ut i frå prøvestikka verkar å vere tidlegare dyrka mark. Det vart berre gjort funn av 3 avslag av flint i 1 prøvestikk. Jordsmonnet er podsol med sand og funna vart gjort på ca. 20 cm djupn, rett under torva. Storleiken er rekna ut frå negative prøvestikk til å vere rundt 11x8 m (ca. 69 m²). Høgda over havet er nærare 65-70 m, tilsvarande rundt 7000 f. Kr.