Beskrivelse fra lokalitet:
Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Lokaliteten visast berre med 1 positivt prøvestikk, men i det vart det gjort funn av 5 avslag av flint. Flata lokaliteten ligg på skrånar svakt opp mot vest-nordvest (det er berre få meter til brotkanten av pukkverket) og svakt ned mot aust. I nord og sør er det ikkje nokre særlege fysiske grenser for lokaliteten, men ut i frå negative prøvestikk er den rekna ut å vere truleg rundt 19x8 m (ca. 142 m²). Vegetasjonen er ganske tett ungskog, mest gran. Massane i det positive prøvestikket er mest grus, men i eit område frå 35-55 cm djupn er det eit lag av mogleg humushaldig masse. Flinten vart funne frå nærare 10-45 cm djupn, frå rett under torva, i grusen og i det moglege humushaldige laget. Høgda over havet er mellom 60-65 m, noko som kan tilseie ei datering til rundt 6500 f. Kr.