• 134370-1

    id
    • 134370-1
    datafangstdato
    • 2009-12-17T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-02-10T12:04:27Z
    informasjon
    • Beskrivelse fra lokalitet: Steinalderlokalitet funne ved prøvestikk. Beskrivelse fra Enkeltminne: Lok.30 ligg berre 10-15 m nordaust for ID134369, og det er ikkje utenkeleg at desse to lokalitetane eigentleg er ein lokalitet. I dette området vart det gjort 5 positive prøvestikk, noko som resulterte i 3 flekkefragment og 7 avslag av flint. Funna låg på djupn frå 15-40 cm, frå rett under torva til eit stykke ned i grusen. Lok.30 er ikkje ei distinkt flate, men heller fleire mindre i same område, så det kan vere snakk om fleire opphald her, noko som spreiinga i gruslaget òg kan indikere. Terrenget skrånar slakt opp mot pukkverkskanten i nordvest. Anleggsvegen går gjennom lokaliteten og den avgrensast i aust av skrånande terreng nedover. I søraust likeeins, medan i sørvest er det mogleg lokaliteten heng saman med ID134369. I nord avgrensast den av negative prøvestikk, samt eit lite stykke lengre fram ender terrassen lokaliteten ligg på av pukkverkskant og vegen ved monumenthoggeriet. Her er òg området noko meir hellande og kupert. Vegetasjonen er planta granskog med open undervegetasjon. Storleiken er på nærare 111x38 m (ca. 2300 m²). Høgda over havet er rundt 60 m, noko som kan tilseie ei strandlinjekurvedatering til ca. 6300 f. Kr.
    kommune
    • 3105
    kulturminneId
    • 134370-1
    lokalId
    • 134370-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2024-01-06T13:38:29Z
    opphav
    • Østfold fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217