Dyregrava ligg mot ANA-VSV i lengderetninga og måler ca 2x1 m i indre mål. Største djupn i A-enden er på ca 80 cm, medan djupna i V er berre på 50 cm. 4 ledegjerde går ut frå kvart hjørne. Det NA-lige ledegjerde går 7 m mot N og endar i ei jordfast blokk. Det SA-lige ledegjerde er det mest markante og kan følgjas 18 m mot S, til gjerdet forsvinn i ei låg steinur. Det SV-lige ledegjerde kan følgjas i 4 m før det forsvinn i ovannemnte steinur. Det NV-lige ledegjerde går 3 m i ei svak boge mot NNA og endar i ei jordfast blokk. Det verkar ikkje som om det finst fleire dyregraver i området.