Store mengder sintere, lette jernflak og jernklumpar er synlige i skjeringar. I forbindelse med gravinga av ei dreneringsgrøft er det lagt jern og torv oppå den gamle markoverflata langs grøfta. I eit snitt kan følgjande stratigrafi observeras: 0-34 cm er masser lagt opp av gravemaskina. 34-38: cm gamal torvhorisont. 38-46 cm: lag som består av mindre jernbitar (sintere). 46-? cm: jernklumpar og jord. Trekol vart ikkje påvist. Gunnar Eide har tidligare funne ein 2,7 kg tung malmklump i dreneringsgrøfta. Elles vart røstingsjern påvist i stikk langs N-sida av riksvegen, i prøvestikk langs tilkomstvegen til hytta i N og i tilførte masser rundt hytta. Det tyder på at jernvinneanlegget er skada av nyare tids verksemd.