• 134617-1

    id
    • 134617-1
    datafangstdato
    • 2004-03-24T00:00:00Z
    førsteDigitaliseringsdato
    • 2010-02-23T13:42:11Z
    informasjon
    • På gården var det frå før funne to steinøkser. Desse skal ha vore funne der brønnen er i dag, 20 m sør for vegen til drivhuset, om lag 10 moh. Under synfaringa i januar 2004 vart det funne fleire lausfunn- øksefragment, rhyolitt, flint og kvarts. Samstundes vart det observert at lokaliteten var forstyrra av diverse aktivitetar som veg, kloakk og påbyrja nausttomt. Under registreringa i mars 2004 vart det grave 6 prøvestikk, av desse var 5 funnførande. Tilsaman vart det funne 26 funn og eit fragment av hasselnøttskall. Stratigrafien i prøvestikka viser at lokaliteten er sterkt omrota og stadfesta inntrykket frå synfaringa. Dei funnførande prøvestikka er fordelt utover heile flata. Funnførande masse er henta i samband med anlegging av veg og kloakk (aust for lok) og ført utover flata. PS 1 var 40 cm djupt og under 20 cm med kompakt torv/humus var det sand/silt med noko trekol. I PS 2 var dei øvste 20 cm omblanda jord og sand (ikkje torv), truleg påført eller nypløgd. Det var lommer med trekol i laget. Under dette var det gråbrun sand/silt med noko grus. I laget var det lommer med svart sand med trekol. Ingen klare stratigrafiske lag, begge var omrota. Begge lag var funnførande. Prøvestikket var 50 cm djupt, ei stor helle i botn. PS 3 var 75 cm djupt, dei øvste 15 cm var torv, deretter som PS 2, men meir trekol og noko meir humushaldig. Også i dette prøvestikket var massane omrota eller påført. PS 4 var 65 cm djupt, også massane i dette prøvestikket var omrota, under 15 cm grastorv var det sand og gruslag med ein del store stein. Dette var funnførande. I botn var det berg. I PS 5 var dei øvste 20 cm grastorv, så fulgte 20 cm med sand- og grushaldig dyrkningsjord. Under dette aur. PS 6 var omrota i samband med utsprenging av nausttomt, prøvestikket var funntomt.
    kommune
    • 4631
    kulturminneId
    • 134617-1
    lokalId
    • 134617-1
    målemetode
    • 99
    nøyaktighet
    • 500
    oppdateringsdato
    • 2025-06-24T11:43:56Z
    opphav
    • Vestland fylkeskommune
    versjonId
    • 20210217