Anlegget er forma som ein avrunda trekant med ein smal tarm stikkande ut mot vest. Storleiken er på ca 4x4 m på det breiaste. Det er ein del stein i anlegget, noko er skjørbrent, og det er ein god del trekol i massane her. Det vart gjort funn av ein naturlig sandstein nytta som bryne og ein udefinerbar bit av jern i anlegget. Om lag 50 m SV for A10 vart dei i ein kunstig oppbygd skråning gjort funn av ein bit slagg. Styraren på museet Borlaugstunet kunne opplyse om at massane i denne skråninga kom frå same område som der A10 ligg. Det var og i følgje han sjeldan med slagg i Borlaugsområdet. I sjaktprofilen går det eit ca 7 cm tjukt kultulag i området V for A10. Over dette ligg eit 10-15 cm tjukt erosjonslag, der øvre halvpart er grus. Kulturlaget er gråbrunt med små spreidde trekolbitar og noko skjørbrend stein. Kulturlaget vart C14 datert til 430-650 e. Kr. (folkevandringstid).