Sjakt 1,2,3 og 7 var funnførande. Sjakt 1 er den SV-ligaste av sjaktene. Sjakt 2 og 3 ligg parallelt med sjakt 1 i NV/NA-lig retning, men NNA for sjakt 1. Sjakt 7 ligg NV for sjakt 1, 2, 3 og nærmast elva i V. I sjakt 1 vart 16 stolpehol, 1 kokegrop, 1 veggrille og eit dyrkingslag påvist. Eit stolpehol vart C14 datert til 340-320 BC (førromersk jernalder). Dyrkingslaget vart C14 datert til 790-410 BC (yngre bronsealder-førromersk jernalder). I sjakt 2 er 2 dyrkingslag påvist, med 12 m mellomrom. I nordre del av sjakta vart ardspor påvist. I sjakt 3 vart et 5-40 cm tjukt trekollag påvist. Laget synes å vere likt dyrkingslaget i sjakt 2. I sjakt 7 vart eit 10 cm tjukt, gråbrunt dyrkingslag funne.