Beskrivelse fra lokalitet:
Åkerreina vart sjakta. Djupna på sjakta var på 1,7 m. Seks stratigrafiske lag kunne utskiljas: 1, torv. 2, feit brun humushaldig jord med noko trekol mot botnen. 3, gulbrunt sand/silthaldig masse med lite trekol. 4, mørk feit trekolhaldig lag med store trekolbitar. 5, gråbrunt sand/silthaldig lag med store trekolbitar. 6, mørk siltig masse mot toppen og meir grushaldig mot botnen. Ikkje trekol. Lag 2,3,4 og 5 er C14 datert. Lag 2 er datert til 810-535 BC (yngre bronsealder). Lag 3 til 1425-1445 AD (seinmellomalder). Lag 4 er datert til 1680-1445 BC (eldre bronsealder) og lag 5 er datert til 2200-1890 BC (seinneolitikum). At lag 3 er yngre enn lag 2 kan komme av jordsig frå lenger oppe i hellinga eller at masse har vorte tilført frå ein annan stad.
Beskrivelse fra Enkeltminne:
Dateringa viser til eldste datering på åkerreina.