Stratigrafien i sjakt 11 ber preg av å vere omrota. Totalt ti stratigrafiske lag er synlige. L1 er torv. L2 er eit brunt kolhaldig lag. Jorda er feit, finkorna og utan stein. To klare nedskjeringar er synlige. Desse går heilt ned i steril grunn og kjem mest trulig av hesjestolpar. L2 er C14 datert til 1685 AD. L3 er eit brunt kolhaldig lag, som liknar på L2 i konsistens, men er lysare i fargen. L 3 er C14 datert til 1045-1170 AD (tidlig mellomalder). L 4 er eit feitt raudbrunt lag, med noko råtestein. L5 er raudare i fargen enn L4. Massane er feite og kornete. L6 er eit raudbrunt lag som inneheld finare og meir sandhaldig masse enn L4 og 5. L7 er brun i fargen med konsentrerte sotflekkar. L8 er eit mørkebrunt jordlag, som er finare i konsistens enn L6. L9 er eit raudbrunt jordlag med linser av råteberg. Grovare enn L4, 5 og 6. L 10 er eit gråbrunt sterilt lag over berg (fylitt). L 2 og 3 vert tolka som dyrkingslag.