Fem stratigrafiske lag let seg utskilje: L1 er torv. L2 er eit brunt og feitt matjordlag, som vert meir kompakt dess djupare ein kjem. Trekol førekjem i heile laget, men tettare mot botnen. L2 er mellom 40-110 cm tjukt og C14 datert til 975-1035 AD (vikingtid - tidlig mellomalder). Nedre del av L2 er tolka som eit mulig dyrkingslag. L3 er eit mørkt, feitt, seigt og kompakt lag som inneheld mykje sot. L3 er C14 datert til 1510-1410 BC (e. bronsealder). L3 er tolka som eit mulig ryddingslag. L4 er brungrått med trekolbitar. L4 er C14 datert til 2020-1885 BC (seinneolitikum). L4 kan representere eit eldre ryddingslag, noko som inneber at L3 er ei sekundær rydding. L5 er eit gulbrunt sterilt lag over fylittberg.