På lokaliteten vart det grave 2 prøvestikk, begge var funnførande. Tilsaman vart det gjort 24 funn. Funna var i flint, mylonitt, rhyolitt og kvartsitt. Samansetninga av råstoff antyder ein datering av lokaliteten til yngre steinalder. Nokre av dei flekkelikande avslaga er ut til å vere slått frå sylindrisk flekkekjerne, dette støttar opp under dateringa til yngre steinalder. I begge prøvestikka er det funnførande laget eit brunt humushaldig sand og gruslag. Dette er under 8-10 cm torv.